olegunnar 's review for:

Ringdrotten by J.R.R. Tolkien
5.0

Enorm bok, i alle betydingar. Sjølv om det er nokre dryge strekk i boka, (spesielt Frodo og Sam aleine i øydemarka!) er det ei driv i boka og historieforteljing som fengslar deg. Naturskildringane skil seg spesielt ut som imponerande, både av det vene og mektige, men òg av det mørke og gyselege. Skildringane av karakterane i felaget får ein òg til å investere seg i boka og helde av dei. Sjølvsagt er det òg interessant å lese om hendingar som ikkje har vorte via plass i filmane.

Omsetjinga er meisterleg gjennomført! Dei ulike dialektane og landsmål til folkeslaga gjer det levande og teksten er oversett med stor omhug. Det rike mangfaldet og spennvidda nynorsken byr på, gjer at det passar ypparleg til universet. Som ein brite sa det på landsbygda i Frankrike: "I assume it should suit well".