A review by guroles
Byens spor: Ewald og Maj: roman by Lars Saabye Christensen

4.0

I byrjinga syntest eg det gjekk litt treigt, at eg ikkje kom heilt innpå karakterane, at det var litt tamt. Eg klarte ikkje heilt å verte nysgjerrig på nokon andre enn Jesper. Eg venta på DEN passasjen. Det avsnittet som ein kan ringe rundt, skrive ned og sitere. Som slår deg i magen. Det kom aldri. Men dette er etterkrigstidas Oslo. Det er litt stillferdig. Nøkternt. Alle strir med sitt eige. Når eg omsider skjønte dette, vart eg med eitt veldig glad i denne romanen likevel. Og då skjønte eg plutseleg kva slags rolle møtereferata frå Røde Kors spelte i det heile. Eg kjem til å ha med meg Jesper ei stund, trur eg. Og eg gler meg til å møte han att.

Mykje rar kommabruk, forresten. Ubetydeleg? Ja, kanskje. Men likevel irriterande.