Take a photo of a barcode or cover
sigridrg's Reviews (73)
Du vonar og vonar at det skal gå bra til slutt, men så gjer det ikkje eigentleg det. Men det er vakkert på vegen.
Ei lang, men ekstremt velskriven bok om eit politisk system og eit verv mange av oss liker å snakke om, men som er meir komplisert enn vi gjerne vil tru.
Wow. Gripande skriven, spanande og sjokkerande innhald - obligatorisk lesing om opptakta til #metoo-revolusjonen og kva det kosta dei som sto fram.
Fredrik får meg til å le og grine omtrent samstundes og eg elsker det. Dette er kanskje hans aller beste bok. Les den uomsett om du kan, for Fredrik si uanstrengte oppvisning i det svenske språket er nok til å gjere kven som helst til stolt skandinav.