sigridrg's Reviews (73)


Eg er grunnleggande imponert over «Det trofaste samlivet».

Terje Hegertun skriv svært godt og pedagogisk. Det er tydeleg at temaet har lege han på hjartet over tid før det har kulminert i dette verket.

Hegertun tek oss, med lett språk men svært grundig, gjennom eit slags fundament og reisverk for ein ny (i konservative kretsar) måte å tenke om samlivsspørsmålet. Han skriv kjenslevart og med medkjensle, men gjer likevel ikkje slepp på faget og dei grundige vurderingane.

Eg er ikkje teolog, men Hegertun sine argument har ein indre logikk og ytre samanhang som i alle fall er god nok til å overtyde meg som lekperson. (Heilt uavhengig av nyanserte teologiske vurderingar som dei Hegertun her legg fram har eg forøvrig lenge hevda at den fornuftige konservative posisjonen ville vere eit ja til livslangt, forpliktande samliv uavhengig av kjønnet til dei involverte, og at statistikken for skilsmål er eit større trugsmål mot ekteskapet enn den kjønnsnøytrale ekteskapslova er)

For ein som er sekulær og/eller greitt liberalt anlagt vil nok boka framstå i overkant forsiktig, kanskje på nokre måtar reint ut like bakstreversk som det øvrige konservative landskapet. Til det er det berre å åtvare mot å gjere det beste til det gode sin fiende. Ei opning for homofilt samliv i ei konservativ ramme for samlivsetikk ville vere eit kvantesprang for dei som i dag blir fortalt - og trur fullt og fast - at den einaste måten dei med si orientering kan leve eit kristent liv er i sølibat. Dette peiker Hegertun ganske rett på at kan vere reint ut skadeleg for dei det gjeld - kallet og evna til å leve eit godt og rikt liv åleine er ikkje delt ut etter seksuell orientering.

Eg vil tilrå denne boka og refleksjonane den legg fram, kanskje heilt spesielt for dei av oss som kjenner tett slektskap og tilhøyre til låg- og frikyrkjelege kretsar, men strevar med å forstå og forsone seg med samlivsetikken som rår grunnen der.